Om oss

Historie
Entrepenørselskapet Håkon Sandvik ENK blei stifte i 1974. Selskapet blei driven som eit einmannsføretak fram til 1986. H. Sandvik AS, med adresse 5915 HJELMÅS, blei etablert i 1986. Firmaet utfører oppdrag som entrepenør innan bygg og anlegg, og har allsidig bakgrunn frå anleggsdrift. Oppdragsgjevarane er offentlege etatar, næringsverksemder og private. Geografisk arbeidsområde er i hovedsak Nordhordland.

Det er 13 ansatte i verksemda. Dagleg leiar heiter Helge Sandvik.

Målsetjing:
Vår verksemd skal tilretteleggje sitt arbeid på ein måte som forebygg ulykker, miljø- og helseskadar, og som skapar trivsel på arbeidsplassen. Driften skal gje minst mogeleg påverkand på det ytre miljø. Våre tjenester og produkt skal vera sikre for våre kundar.
Me skal ivareta dette ved at helse, miljø og tryggleik vert planlagt og prioritert på lik linje med utøving av arbeidsoppdrag, service og økonomi.

Mange faste kundar
I snart 40 år har me utført grunn og betongarbeid for våre kundar i Nordhordland og omegn. Mange av våre kundar er faste kundar, samtidig som me har god tilføring av nye kundar. Hos oss står alltid kunden i fokus. Me gjer til ei kvar tid det vi kan for at våre kundar skal vere godt fornøyd med arbeidet me utfører.